fredag 30. juli 2010

Alpha har hatt besøk av to brødre!

Alpha fekk eit hyggeleg møte med brødrene sine i går. Ho fekk helse på broren sin, Snoopy, som bur i Bergen, men som var på ferie i Bø. Eit flott møte! Dei to hundane var like i gemytt og utsjånad - så det var ikkje vanskeleg å sjå at dei var sysken. Ozzy hadde og tatt turen frå Svenseid. Ozzy og Alpha har helsa mange gonger før, så det var heilt klart at dei var kjende.

Om andre kullsysken skulle vere på tur i Bø, så er det berre å ta kontakt. Me møtast gjerne om det er mogleg.

Me skal jobbe litt hardare med å oppdatere bloggen og legge ut bilder her.

1 kommentar:

  1. Så moro med søsken treff!

    Så godt å høyre at du vil oppdatere oftere :-)

    Kjekt om du tar turen hit igjen ein dag!

    SvarSlett